torsdag 30. august 2012

lærarferieblogg ;)

Då har kvardagen inntatt heimen. Mi bloggkarriere er nok ikkje av dei mest intensive. Når ferien kom gjekk dagane med til så mykje anna. Denne ferien har vore maks avslappande i grunn. Og, når ein i tillegg er gressenke innimellom har eg fått lest ein del bøker og strikka akkurat så mykje som eg vil ;)
kaaanskje kjem bloggelysta over meg når kveldane blir lange og mørke.
Her kjem eit lite bilderas av siste månaden sine strikke/hekleprosjekt:



Verdens mjukaste skjerf til, meg sjølv, strikka i silk mohair frå sandnes. Fargane vart nett slik eg ville ha dei og det er rett herlig å ha på. Nesten slik at eg gleder meg til hausten sett inn for fullt og eg kan bruke det ;) Enn så lenge heng det til pynt i gangen min :)



Hekla lue-Som lærar i kunst og handverk, der oppgåva er strikk og tov, måtte eg prøve ut tråden før eg sette elevane i gang med dette. Lett at det tovar seg for mykje.(Og ja- veit kva eg snakkar om for å seie det slik ;) ) Prinsessa på(nesten) 9 vart superfornøgd med denne!

 
 
 Stjernegensar, ei kvar prinsesse må ha ein stjernegensar, visstnok ;) Denne dikta eg sjølv. Kom over noko restetråd i bomull- den mjukaste eg har kjent. MÅTTE berre prøve å lage noko i den. Så då vart resultatet slik. Meeeen, diskuterte ei stund med meg sjølv, det stod mellom å lage ein rosa dødningeskalle :O eller stjerner... Fann ut at det siste høva seg best :P Og eigaren vart veldig stolt over resultatet.



 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar