søndag 13. mai 2012

You go girl!



Alltid når eg er ute å "fær" må eg kjøpe meg ei ny bok. Likar å ha lesestoff til flyturar, sia dette ikkje er det kjekkaste eg gjer. Etter å ha vandra rundt i ein liten, snerte ARK bokhandel i Oslo enda eg opp med Helene Uri si "Kjerringer" (+ ei anna ei...).

Helene Uri vart eit hyggelig "bekjentskap". Ho skriv levande og godt. Ein forfattar som evnar at vi mest ser inn i personane.

I denne boka følger vi fire flotte damer i sin beste alder. Celeste,Jenna ,Frøydis og Ella som er fire akk så forskjellige av typer men som bestemmer seg for å danne ein klubb mot mannsjåvinistiske karer. "Hevnane" dei utfører er herlige :D Kunne godt ha tenkt meg å vore med i denne klubben ;)
I tillegg til å glede meg over kvinnelisten dei bruker vert vi godt kjent med kvinnene og deira forhistorier. Igjen viser det seg, som så ofte elles i livet, at førsteinntrykk slett ikkje alltid stemmer. Maska ein ikler seg skjuler mykje.....

Ei bok eg godt kan anbefale :)
Kjem heilt klart til å lese meir Uri!

mandag 7. mai 2012

Hekledilla




Jammen har eg ikkje fått hekledilla ;)
Har egentlig aldri vore noko til heklar, men smått om senn har eg begynt å prøve meg fram.
Akkurat no hadde eg eit heller stort parti av den turkise tråden som det er mest av på biletet, så då blir det eit "Pippisengeteppe" til prinsessa si seng <3 eg sper på med fargar som prinsessa sjølv velger ut....
Har kome ca. halvvegs på prosjektet- 84 down, 76 to go ;)

Greit å ha ein slik hobby når våren glimtar med sitt fråvèr.... Ikkje akkurat hyggelig å sjå snøen ligge langt ned i fjella og ullklea slett ikkje kan pakkast bort :P
Så då er det godt å kunne slite litt ekstra på sofaen med eit kjekt handarbeid mellom fingrane.....


torsdag 3. mai 2012

om å vere mamma til ein superhelt...

Å vere mamma til ein superhelt er jamt over svært spennande. Ingen dag er lik og der er alltid noko på agendaen. Min superhelt er den beste <3 han er 12 år og ein aktiv kar som elskar halsbrekkande stunt i høgda. Dette er kanskje ikkje alltid så foreineleg med det å ha en heavy epilepsi, men kva gjer vel ikkje heltar for å halde mora si i ande ;)
Kort oppsummert om denne luringen min er at han har eit alvorleg syndrom, for han betyr dette at han har alvorlig epilepsi, infantil autisme og manglar språk.... trass dette er han ein blid og fornøgd gut som gladelig deler ut klemmar og kos. Han taklar kvardagen på ein fantastisk måte og er uten tvil ein ekte SUPERHELT <3
Tenker ofte at å vere mamma til en slik kar er jammen ei tillitserklæring! (...men ikkje alltid eg føler meg tilliten verdig, dog ;)...)
Ytre faktorar rundt det å ha eit annaleis born er krevjande. Det går i møter, planlegging, oppfølging og mest av alt det å seie frå seg retten til å vere ein privatperson. For kvart eit møte, for kvart eit nytt menneske som kjem inn opnar vi vår dør inn til VÅRT liv og til våre tankar. Å sitte på "andre sida" av bordet for fagpersonar som har nettopp :"ei fagleg tilnærming" til det kjæraste eg har er tøft. Idag er ein slik dag, der møte står for tur og eg psyker meg opp....
Men mest av alt må eg understreke at : SUPERHELTAR HAR LØVEMØDRE!(- og eg kan berre takke for den tilliten som er vist meg)

i gang...?


Då prøver eg meg i "Blogglandia". Kva denne bloggen kjem til å handle mest om vil tida vise. Mest sannsynleg vert det ei salig blanding av superheltar, strikking og bøker. Det så kalla kvardagskaoset tar også ein viss plass her hos familien "Glum" :)