mandag 11. juni 2012

Dokumentar om autisme

I dag gikk det en dokumentar av Louis Theroux på NRK2, om born med autisme og familiene deira. Det var rart å "sjå dette frå utsida". Denne kvardagen eg faktisk står i sjølv....
Lois Theroux sine dokumentarar går rett inn. Ingen spankulering rundt grauten. Han er ikkje redd for å stille dei tøffe spørsmåla.
Det kom veldig tydeleg fram i denne dokumentaren. Stor respekt for familiene som stilte opp og gav eit innblikk i livet deira.

Å leve med autisme er utfordrande. Å skulle skjerme, beskytte,legge til rette for i en evig runddans. Då min superhelt fikk si første diagnose var autisme ein av dei tilleggsdiagnosene eg frykta mest av alt. Dessverre var dette noko av det han endte opp med. Kvardagen vert så utruleg annaleis enn ein kan forestille seg.....
Hr. Theroux spurte ei mor om ho hadde det bedre no som sonen hadde flytta ut. Svaret var: Stressnivået er bra. Eit av elementa som skapte stresset er borte, men attende var tristheita. Det faktum at guten ikkje kunne bu saman med ho gav ei anna "byrde". Denne måtte ho berre leve med.

Og slik er det. Sorga tek nye vegar. Når ein står i stresset er det ei sorg over manglande "normalitet" i kvardagen. Når ein er i ein "normal"kvardag, fordi bornet er ein annan stad, vert det ei sorg over å ikkje kunne dele denne med det kjæraste ein har.
Dommedagskjensla legg seg mest som eit teppe over meg når eg tenker tanken heilt ut.....

Der fins så mange former for sjukdom og så uendelig mange sjukdomsbileter, men autisme er ein av dei diagnosene eg synest er "svart". Mellommennesklig kommunikasjon er så viktig og når denne går sine egne vegar og kanskje vert totalt fråverande er det krevjande. Ikkje minst for den som har autismen. No er det heldigvis slik at autistar er like forskjellige som alle andre, men i ukjende situasjonar og ofte heilt utan at ein ikkje-autist anar det, legg autismen seg som eit teppe over ein. Desse teppebelagte dagane skulle vore forbudt ;) - tenk hadde det vore så enkelt: herved forbudt!


Takk til Theroux for at han viser kva det dreier seg om, både på godt og vondt.
Så får ein brette opp ermene og prøve å gjere kvardagen så full av fargar som mogleg, med det svarte som berre ein minimal del av dagen ein legg bak seg <3



lørdag 9. juni 2012

lesehest?

Lenge sidan eg har vore innom her. Dagane flyg :P
Den siste månaden i eit skuleår er hektisk, særlig når ein er norsk- og engelsklærar. Rettebunkane er store som uår ;) Har ikkje hnatt roa til å sette meg ned å blogge.
Meeen, noko eg alltid tar meg tid til er lesing. Beste måten å kople ut på.
Kom over ei nydelig bok då eg var i Oslo sist. Eg eeeeelskar å gå i bokhandel når eg spaserer rundt aleine. Hadde ein time for meg sjølv og den nytta eg til å besøke ein liten men herleg ARK butikk. Lukta av bøkene og synet av alle framsidene gjer berre så godt! (akkurat så sær er eg...).
Kom over ei Jette Kårsbøl bok: den lukkede bok. har lest i Din Nestes hus frå før av, og synest Kårsbøl er ein framifrå forfattar. Skuffa vart eg heller ikkje denne gongen.

Handlinga er lagt til slutten av 1800 talet og til 1930 åra. Den hoppar litt mellom desse to epokene, medan den nøster opp livshistoria til Fredrikke Leuenbebech. Etter nesten å ha blitt gidt med den satte og kjedelige presten Christian gjer denne heltinna "eit stunt" , og velger den livsglade Fredrik som tilbyr henne eit "fritt" ekteskap. Lite anar han om hennar begeistring og lite anar lesaren om kva desse to har i vente.
Dette er ei bok med eit rikt språk med innblikk i scenene som nesten gir ein "Ibsensk kjensle". Som kvinnelig lesar misser ein nesten pusten av korleis livet var på den tida. Takk og lov for kvinnekamp og alt den har medført.Og at vi har eit samfunn der ein kan vere den ein er uansett legning.
Eg gledde meg til kvar ledige stund eg kunne sette meg ned med denne boka. 


Etter dette las eg Ildmannen av Torkil Damhaug.
Eg er alt anna enn ei "krimdame". Har til trass for dette lest ein del meir krim dei siste åra. Fekk denne boka i bokklubben eg er med i. Hadde gløymt å avbestille :P Så då var det berre å gå i kast med den. Hurra for det! Ei knall bok!
Her herjar brannar for fullt. Lesaren er vitne til desse frå personal synsvinkel,1.person. Det å skulle tippe kven av personane ein les om i boka som er brannstiftaren er spennande. Det seier seg sjølv ca. midt i boka, men derifrå er fokuset ikkje lenger på brannane men på ei forsvinningsak som mest sannsynleg er eit mord. Hovedpersonane i boka er unge og lette å lede. Dette gjer også historia meir gripande.
Trudde lenge at eg visste kven mordaren var, men jammen lurte Damhaug meg der ;)