mandag 11. juni 2012

Dokumentar om autisme

I dag gikk det en dokumentar av Louis Theroux på NRK2, om born med autisme og familiene deira. Det var rart å "sjå dette frå utsida". Denne kvardagen eg faktisk står i sjølv....
Lois Theroux sine dokumentarar går rett inn. Ingen spankulering rundt grauten. Han er ikkje redd for å stille dei tøffe spørsmåla.
Det kom veldig tydeleg fram i denne dokumentaren. Stor respekt for familiene som stilte opp og gav eit innblikk i livet deira.

Å leve med autisme er utfordrande. Å skulle skjerme, beskytte,legge til rette for i en evig runddans. Då min superhelt fikk si første diagnose var autisme ein av dei tilleggsdiagnosene eg frykta mest av alt. Dessverre var dette noko av det han endte opp med. Kvardagen vert så utruleg annaleis enn ein kan forestille seg.....
Hr. Theroux spurte ei mor om ho hadde det bedre no som sonen hadde flytta ut. Svaret var: Stressnivået er bra. Eit av elementa som skapte stresset er borte, men attende var tristheita. Det faktum at guten ikkje kunne bu saman med ho gav ei anna "byrde". Denne måtte ho berre leve med.

Og slik er det. Sorga tek nye vegar. Når ein står i stresset er det ei sorg over manglande "normalitet" i kvardagen. Når ein er i ein "normal"kvardag, fordi bornet er ein annan stad, vert det ei sorg over å ikkje kunne dele denne med det kjæraste ein har.
Dommedagskjensla legg seg mest som eit teppe over meg når eg tenker tanken heilt ut.....

Der fins så mange former for sjukdom og så uendelig mange sjukdomsbileter, men autisme er ein av dei diagnosene eg synest er "svart". Mellommennesklig kommunikasjon er så viktig og når denne går sine egne vegar og kanskje vert totalt fråverande er det krevjande. Ikkje minst for den som har autismen. No er det heldigvis slik at autistar er like forskjellige som alle andre, men i ukjende situasjonar og ofte heilt utan at ein ikkje-autist anar det, legg autismen seg som eit teppe over ein. Desse teppebelagte dagane skulle vore forbudt ;) - tenk hadde det vore så enkelt: herved forbudt!


Takk til Theroux for at han viser kva det dreier seg om, både på godt og vondt.
Så får ein brette opp ermene og prøve å gjere kvardagen så full av fargar som mogleg, med det svarte som berre ein minimal del av dagen ein legg bak seg <3



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar