torsdag 3. mai 2012

om å vere mamma til ein superhelt...

Å vere mamma til ein superhelt er jamt over svært spennande. Ingen dag er lik og der er alltid noko på agendaen. Min superhelt er den beste <3 han er 12 år og ein aktiv kar som elskar halsbrekkande stunt i høgda. Dette er kanskje ikkje alltid så foreineleg med det å ha en heavy epilepsi, men kva gjer vel ikkje heltar for å halde mora si i ande ;)
Kort oppsummert om denne luringen min er at han har eit alvorleg syndrom, for han betyr dette at han har alvorlig epilepsi, infantil autisme og manglar språk.... trass dette er han ein blid og fornøgd gut som gladelig deler ut klemmar og kos. Han taklar kvardagen på ein fantastisk måte og er uten tvil ein ekte SUPERHELT <3
Tenker ofte at å vere mamma til en slik kar er jammen ei tillitserklæring! (...men ikkje alltid eg føler meg tilliten verdig, dog ;)...)
Ytre faktorar rundt det å ha eit annaleis born er krevjande. Det går i møter, planlegging, oppfølging og mest av alt det å seie frå seg retten til å vere ein privatperson. For kvart eit møte, for kvart eit nytt menneske som kjem inn opnar vi vår dør inn til VÅRT liv og til våre tankar. Å sitte på "andre sida" av bordet for fagpersonar som har nettopp :"ei fagleg tilnærming" til det kjæraste eg har er tøft. Idag er ein slik dag, der møte står for tur og eg psyker meg opp....
Men mest av alt må eg understreke at : SUPERHELTAR HAR LØVEMØDRE!(- og eg kan berre takke for den tilliten som er vist meg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar