søndag 13. mai 2012

You go girl!



Alltid når eg er ute å "fær" må eg kjøpe meg ei ny bok. Likar å ha lesestoff til flyturar, sia dette ikkje er det kjekkaste eg gjer. Etter å ha vandra rundt i ein liten, snerte ARK bokhandel i Oslo enda eg opp med Helene Uri si "Kjerringer" (+ ei anna ei...).

Helene Uri vart eit hyggelig "bekjentskap". Ho skriv levande og godt. Ein forfattar som evnar at vi mest ser inn i personane.

I denne boka følger vi fire flotte damer i sin beste alder. Celeste,Jenna ,Frøydis og Ella som er fire akk så forskjellige av typer men som bestemmer seg for å danne ein klubb mot mannsjåvinistiske karer. "Hevnane" dei utfører er herlige :D Kunne godt ha tenkt meg å vore med i denne klubben ;)
I tillegg til å glede meg over kvinnelisten dei bruker vert vi godt kjent med kvinnene og deira forhistorier. Igjen viser det seg, som så ofte elles i livet, at førsteinntrykk slett ikkje alltid stemmer. Maska ein ikler seg skjuler mykje.....

Ei bok eg godt kan anbefale :)
Kjem heilt klart til å lese meir Uri!

1 kommentar:

  1. Eg har også sansen for Uri! Denne har eg ikkje lest, men den er på "skal-lese-lista". Eg kan anbefale "Den rettferdige". Veldig bra og tankevekkende bok!

    SvarSlett