torsdag 4. april 2013

Vart eg brått ei(n) Belieber?

Hadde aldri trudd eg skulle engasjere meg så sterkt i den godaste JB ;)
Tenåringshelten og fjortisidolet over alle.Her i heimen har eg ei på 9 (snart 10)  som har klart å smiska med seg sin kjære far på konsert om to veker. Dei gleder seg visst max.begge to ;)

Som lærar på ein ungdomsskule har eg etterkvart fått god innsikt i kor altoppslukande eit tenåringsidol kan vere...for ikkje å snakke om at eg var der sjøl! Duran Duran! Eg gjorde ALT for å kome meg på konsert då eg var 14. Etter store diskusjonar (og krangling) fekk eg endeleg lov å reise! Og jammen fekk eg meir respekt for at mine kjære foreldre faktisk stolte på meg. Konserten var ei stooooor oppleving.

Hurra, seier eg berre, for at Ålesund gjer eit enkelt lite grep og flytter tentamen/heildagsprøva iom det er ganske mange som skal på konsert. Det kaller ein å lytte til elevrådet OG dette er demokrati i praksis. Dei elevane som reiser avgårde på konsert vil nok yte maks på norskskrivinga si- DET trur eg! Må alle BELIEBERS få ei storarta konsertoppleving!!!!!(Dei blir nok dugandes mennesker sjølv om tentamen vart flytta.....)

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar